Fivefondet har utdeling av tilskot ein gong i året, vanlegvis i januar. Sjekk framsida på fivefondet.no for når den neste søknadsfristen er.
Det står i §1 i «Grunnreglar for Fivefondet» (skipa våren 1916):
Fondet hev til fyremål å stydja medlemer av Studentmållaget til å få gjeve ut skrifter, serleg umsetjingar av framande bokverk eller arbeid um framande bokverk og bokmenner på norsk [nynorsk]. (…)
Krav til søknaden/søkjaren
Dette er absolutte krav til søknaden/søkjaren/prosjektet. Fondet kan ikkje gje fritak frå desse reglane.
- Det er berre medlemer av studentmållaga i Norsk Målungdom / Noregs Mållag som kan søkje om tilskot. Om du ikkje er medlem, må du melde deg inn og betale medlemspengar før du kan søkje.
- Søknaden må vere på nynorsk.
- Prosjektet/tiltaket du søkjer om tilskot til må vere på nynorsk, og dette må gå fram av søknaden.
- Dersom du får tilskot, skal det stå «NN har fått tilskot frå Fivefondet» i kolofon/forord e.l.
Tiltak/prosjekt som er prioriterte
Dette er ikkje krav, men gode tips som aukar sjansen for at du kan få tilskot frå Fivefondet.
- Fivefondet stør fyrst og fremst utgjeving av tekstar (papir eller digitalt). Det er svært få andre typar prosjekt som har fått tilskot frå fondet.
- Omsetjingar av utanlandske forfattarar eller arbeid om utanlandske bøker eller forfattarar er prioriterte.
- Fivefondet er ikkje eit stort fond, og delar som oftast ut 5 000 til 10 000 kr i året. Vi prioriterer tiltak der midlane «kjem godt med» og der det er stor sjanse for at tiltaket blir noko av.
