Om Ole Five og Fivefondet

Norsk Allkunnebok er eit 10-bands nynorsk leksikon som vart utgjeve på Fonna Forlag i tida frå 1948 til 1964. Vi gjev her att oppslaga om Ole Five og Fivefondet.

Ole Five

Ole Five

Five, Ole (1846-1930), no. skyttarlagsorganisator. F. var fyrste folkeskulelærar, så amtsskulestyrar i Inntrøndelag 1876-92 og lærar på lærarskulen i Kristiansand 1892-96. I 1881 skipa han «Inntrøndelagens og Namdalens Folkevæbningssamlag», det fyrste i landet; året etter fekk han til ein landssamskipnad av alle dei nye folkevæpningslaga, og vart sjølv formann for den. Målet var «folket i våpen» til vern for Stortinget mot statskupplanar. Motstandarane kalla det «Stortingsheren» og F. «skyttargeneralen». Då folkevæpningsamlaga og dei gamle skyttarlaga i Centralforeningen gjekk saman i 1893, vart han formann for den nye samskipnaden, «Det frivillige norske skyttervæsen» og var det til 1908. 1908-19 var han sjef for Skyttarkontoret. F. var ei tid ordførar i Beitstad og stortingsmann frå N.-Trøndelag 1900-03. Attåt skyttarsaka arbeidde han særleg med jarnvegsspørsmål på Stortinget. F. var ihuga målmann og arbeidde for Det Norske Samlaget, Det Norske Teatret og «Den 17de Mai». Han samla Five-fondet, og var heiderslagsmann i Studentmållaget. A. Bg.

Five-fondet, skipa våren 1916 med ein midel på 2000 kroner, som Ole Five, «Skyttargeneralen», hadde samla inn til Studentmållaget, stadfest av Sosialdept. 1. april 1917. Fondet er sidan auka med nye gåver og 1. jan. 1952 var midelen kr. 14 335,69. Rentene vert nytta til å gje ut populærvitsk. skrifter på norsk mål, særleg om framande bokverk el. bøker om norske bokverk og bokmenn. I fondsstyret sit 3 mann. Dei er no: bibliotekar Fredrik Wexelsen, formann (vald av Studentmållaget), professor Eirik Vandvik (vald av Det Norske Samlaget) og sekretær Knut Fortun (fast økonom i Studentmållaget). Av rentene er det m.a. etla ut ei prisløn til dr. philos. Anton Røstad for ei vitsk. utgreiing. E. Br-l..