Grunnreglar for Fivefondet

  • § 1 Fondet hev til fyremål å stydja medlemer av Studentmållaget til å få gjeve ut skrifter, serleg umsetjingar av framande bokverk eller um framande bokverk og bokmenner på norsk. Det eig den 1. april 1917 ein midel på kr. 2.550,-. Rentone av denne midelen skal brukast til å fremja fyremålet for fondet, men hovudstolen må ikkje skjerdast. Vert ikkje rentone nytta eit år, kan dei nyttast året etter. Vert dei ikkje nytta då heller, skal rentone frå fyrste året leggjast til hovudstolen.
  • § 2 Fondet har eit styre på 3 mann. Studentmållaget vel den eine, Det norske samlaget (landsmålslaget) den andre, og den faste økonomen åt Studentmållaget skal vera tridjeman. Av dei tvo fyrste gjeng ein ut kvart år, fyrste gong ved lutkasting, sidan etter tur soleis at den som har site lengst stig frå. Studentmållaget vel kvart år to varamenn til fondsstyret.
  • § 3 Fondsstyret råder for pengane og avgjer um rentone kan nyttast til arbeid som vert funne verdig til utgjeving. Det kan nemna upp eit skynsutval for kvart arbeid som det vert søkt um stønad til. Kvart år skal fondsstyret senda melding um verksemdi med rekneskap til Studentmållaget og Kyrkjedepartementet.
  • § 4 Fondsstyret skal til kvar tid sjå til å få auka hovudstolen med nye tilskot.
  • § 5 Vert Studentmållaget uppløyst, stig andre studentlag ved Universitetet i Oslo som hev arbeidt for norsk mål til hovudoppgåve inn i staden, med den same retten som Studentmållaget hev etter dette grunnreglane. Til sist fell retten til folkeminnesamlingi ved universitetsbiblioteket i Oslo, som kan nytta midelen til fremjing av fyremålet sitt.
  • § 6 På desse grunnreglane vert det søkt um kongeleg stadfesting.

Truleg vedteke i 1916. Fondet og reglane vart stadfesta av Sosialdepartementet 1. april 1917.