Fondet hev til fyremål å stydja medlemer av Studentmållaget til å få gjeve ut skrifter, serleg umsetjingar av framande bokverk eller arbeid um framande bokverk og bokmenner på norsk [nynorsk]. (…)
Fondet vart oppretta av Ole Five våren 1916 (stadfesta av Sosialdepartementet i 1917) med ein midel på 2 550 kr. Fondet er seinare auka med nye gåver, og er i dag på om lag 180 000 kr.
Om Ole Five
Ole Five (1846-1930) skipa Fivefondet i 1916. Five var kjend som «skyttarlagsgeneralen» og var den fyrste leiaren av det friviljuge skyttarvesenet.
Han var ein ihuga målmann, og arbeidde for nynorske aviser, forlagsdrift og teater. Han hadde brei bakgrunn, m.a.som rektor, ordførar og stortingsrepresentant.